Hopp til innhold

Lærdalstunnelen blir stengd kvar natt i fleire år

Verdas lengste tunnel må bli oppgradert. No blir Lærdalstunnelen på E16 stengd både kveld og natt i fleire år framover.

Lærdalstunnelen

VERDAS LENGSTE: Den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen går mellom kommunane Lærdal og Aurland i Vestland fylke.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Samferdselsdepartementet har gitt grønt lys for planane til Vegvesenet om å oppgradere den lengste vegtunnelen i verda.

Konsekvensane blir store for ein av stamvegane mellom Bergen og Oslo.

I fleire år har diskusjonen gått om korleis oppgraderinga skal gå føre seg. I fjor kom Statens vegvesen med forslaget om å stenge tunnelen i eit heilt år, noko som skapte rabalder blant fleire.

– Det er ikkje mogleg å oppgradere tunnelen utan at det får konsekvensar for omverda. Me har kome fram til at det er betre med kveld- og nattestenging enn å stenge tunnelen heilt, seier leiar for tunneloppgradering i vest i Statens vegvesen, Stig Berg-Thomassen.

Arbeidet med Lærdalstunnelen startar i 2025. Oppgraderinga skal etter planen vere ferdig i løpet av fire til fem år. Tunnelen vert stengd frå kl. 18.00-06.00, men det er førebels ikkje lagt ein plan for korleis arbeidet vil bli utført i helgene.

Det er EU-krav til sikring av tunnelar som gjer at Statens vegvesen må gjere oppgraderingar.

Lærdal-ordførar Audun Mo meiner nattestenging er ei løysing til å leve med, men at det får konsekvensar for ein heil region.

– Bekmørkt for transportnæringa

Transportnæringa har sett mørkt på oppgraderinga av den to og ein halv mil lange tunnelen på E16. Næringa har frykta både samanbrot i varetransporten og store tap av arbeidsplassar.

– Dette blir bekmørkt for transporthistoria og for samferdsle i Sogn, seier Arne Slinde Ahlin, dagleg leiar i Slinde Transport.

Hovudbasen til Slinde transport ligg på Håbakken langs E16 like ved Lærdalstunnelen. Ahlin er klar på at dette vil skape store utfordringar for dei, men at kveld- og nattestenging vil vere ei god løysing for lokalsamfunnet.

Ikkje kolonnekøyring dei første åra

Arbeidet med tunnelen blir delt i to. Med kveld- og nattestenging vil det ta to til tre år å ferdigstille sprengingsarbeida i tunnelen.

Aurland-ordførar Trygve Skjerdal er spesielt uroa for konsekvensane ei stenging vil få for beredskapen i kommunen. Heller ikkje utrykkingskøyretøy vil kunne sleppe gjennom under arbeidet med sprenging.

– Fjellet i tunnelen vil vera krevjande for tunnelarbeidarane. Derfor kan me ikkje sleppe gjennom trafikk før me har sprengt og sikra fjellet, seier Berg-Thomassen i Vegvesenet.

Først etter at sprengingsarbeidet og sikringa er ferdig, vil dei kunne sleppe gjennom trafikk to til tre gonger i løpet av kveld og natt.

Om lag 2000 køyretøy køyrer gjennom tunnelen kvart døgn i gjennomsnitt i løpet av eit år. Juli er høgsesong, då køyrer nesten 3900 køyretøy gjennom tunnelen kvart døgn.

Det er ingen gode, lokale omkøyringsmoglegheiter mellom Lærdal og Aurland.

Turen frå Aurland sentrum til Lærdal sentrum gjennom Lærdalstunnelen (rute 1) er 33 kilometer og tek om lag ein halvtime å køyra.

Aurlandsfjellet (rute 2). Ein smal og svingete veg som er vinterstengd sju månader i året, der turistkaoset ofte rår om sommmaren. Turen tek 40 minutt lenger enn tunnelen.

Fylkesveg 50 om Gol i Viken fylke (rute 3). Køyretida er over tre timar lenger enn Lærdalstunnelen.

Riksveg 13 over Vikafjellet (rute 4). Turen tek om lag 3,5 timar lenger enn tunnelen.

Visualisering: Anders Nøkling

Under arbeidet med tunnelen er det aktuelt å forsterke ferjetilbodet på rv. 13 Vangsnes-Hella, og persontransport med båt mellom Lærdal og Aurland når det er behov for det.