Indre Sogn står framfor ei svær utfordring når Statens vegvesen snart startar rehabiliteringa av den lengste vegtunnelen i verda; Lærdalstunnelen.

Det er ein unik situasjon. Vi har ingen reelle omkøyringsalternativ. Stenginga har mange og komplekse ringverknader. Både for velferdstilbodet i dei to kommunane på kvar side og for næringsliv og frivillig sektor i heile regionen. For tida er det stor uvisse om både stengingsregime, avbøtande tiltak og eventuell kompensasjon for tap og ulempe.

Den politiske leiinga i dei to kommunane og Sognarådet interkommunalt politisk råd har i lang tid hatt tett dialog med departementet og vegvesenet for sikre at dei negative verknadane av stenginga vert minst mogeleg.

Vårt utgangspunkt var at det er naudsynt med ei heilskapleg tilnærming til problemet.

Vi har kravd ei konseptvalutgreiing, ei KVU.

Den ville klargjort om det samfunnsøkonomisk og teknisk hadde vore ei betre løysing med eit nytt løp. Dessutan synt det samla omfanget av dei negative verknadane av ulike stengingsalternativ og kva som er naudsynte avbøtande tiltak. Det ville synt oss kva som kjem til å skje om nye tjue år?

Ei slik utgreiing ville òg synt at stenginga ikkje berre er eit problem for kommunikasjonen mellom Bergen og Oslo. Det er det faktisk framleis mange utafor regionen som trur! Vegvesenet vil t.d. vente og sjå om det blir problem på Aurlandsfjellet, Vikafjellet, Aurland – Hol og Hella – Sogndal. Men dei vil gjere tiltak på rv. 7 i Måbødalen som dei trur vert omkøyringsalternativet!

I dag er det difor brei semje om at det var ein stor tabbe å ikkje gjennomføre ei slik konseptvalutgreiing.

Men vi har møtt veggen kvar gang vi har teke dette opp med den politiske leiinga i departementet. Og det har vi gjort, gang på gang. Enno har vi faktisk ikkje fått noko skikkeleg svar. Men no er det dessverre for seint.

No sit vi att utan eit heilskapleg oversyn over alternativ og verknader. Det kjem mange delløysingar. Departementet skyv problema frå seg. Vegvesenet har litt dialog her og litt dialog der, framleis utan noko syn for heilskapen.

Midt i oktober møtte vi samferdsleministeren og Statens vegvesen med ei lang liste utfordringar og ønskje. Etter møtet står det klårt for oss at vi er kome til ein korsveg.

Det vert ikkje noko konseptvalutgreiing!

Stenginga vert frå kl. 18.00 til kl. 06.00 neste dag dei fyrste åra. Kanskje vert det mogeleg for blålysetatane å sleppe igjennom om det høver. Det kjem an på sprakfjellet. Elles vert det heilt stengt i tolv timar.

Kommunane får ikkje kompensasjon for meirkostnadane ved å oppretthalde velferdstilbodet, men kan kanskje – etter søknad – få nokre skjønnsmidlar for statsforvaltaren.

Samferdsleministeren understreka elles at dei ulike etatane og forvaltningsnivå må finne sine løysingar og fullt ut ta sine kostnader. Korkje departementet, vegvesenet, andre delar av statsforvaltninga eller «storsamfunnet» har midlar til å dekke dette.

Næringslivet får difor ikkje kompensasjon for tap og reduserte marknadsdelar.

Frivillig sektor må tilpasse seg, utan kompensasjon.

Andre offentlege instansar må sjølv ta sine meirkostnadane. Eit døme er ambulansetenesta i Aurland der det er anslått at Helse Førde må ut med 10 mill. kroner. Tilsvarande for politi, forsvar, sivilforsvar og andre tredjepartar.

Men det blir nok nokre mindre avbøtande tiltak i regi av vegvesenet. Det kan bli:

Hurtigbåt Aurland – Lærdal

Ekstrabuss

Bidrag til naudsynt overnatting

Tilbringarteneste

Så langt har vegvesenet teke atterhald om kva som er mogleg å få til her, m.a. på grunn av krav om nullutslepp i verdsarvområdet.

Samarbeidet – og dialogen – med Statens vegvesen har elles vore god. Men dei har eit avgrensa oppdrag og har heile tida vist oss til departementet.

Og der møter vi veggen!